God kveld
På laurdag 25. august kl. 19.30 startar Veslevaksne opp igjen med eit stølsparty hos Ole Embrikgard. Sebjørg Marie Jordheim skal halde andakt. For å komme til stølen til Ole må du køyre mot Lykkja og like etter parkeringsplassen på Trefta tek du opp til venstre mot Jonsstølane, køyr ca 1,3 km og ta til venstre ein gong til, no skal du passere ei ferist og då er du der.
No har det det vore skulestart og Veslevaksne startar opp att, nesten det same? Møt opp med nykjemma hår eller fletter, og eit eple til Ole. Når vi går for kvelden, bør du vere bustete på håret og ha grønske på buksa.
På skulen har vi ein handlingsplan, i Veslevaksne har vi eit haustprogram. Det ser slik ut i år:
Hausten 2007
25. aug: Stølsparty hos Ole Embrikgård. Sebjørg Marie Jordheim held andakt.
Ansvar: Ole og Torgeir.
15. sept: Samling hjå Siri og Jørn Magne Forland. Margit Svello innleiar til gruppesamtaler.
6. okt: Samling hjå Maria og Øyvind Thorset
27. okt: Fellesmøte med unge vaksne frå Geilo. Stad og tid kjem seinare.
17. nov: Årsmøte hjå Gunhild og Oddbjørn Hustad. Heidi Langegard held andakt
Årets valkomité er Steinar Orset og Leif Erik Haug.
8. des: Samling hjå Anne Berit og Endre Ulsaker. Liv og Jan Fredrik Raastad held andakt.
Vinteren 2008
4.-6. jan: Hermontur. Me har nesten heile høyfjellssenteret for oss sjølve, sjølvsagt saman med Knut Skjeldal!
Komité: Ein frå familiane Svello, Abrahamsen og Rudningen.
19. jan: Samling hjå Magnhild Hustad.
Ansvar: Magnhild og Silje.
Det offisielle papirprogrammet får du på stølspartyet. Det er det same som ligg som ute til høgre.
Tuesday, August 21, 2007
Subscribe to:
Posts (Atom)