Monday, March 27, 2006

Vårtur til Porsgrunn

Vårtur 2006 Pinsehelga, 2.- 5.juni

Sida ingen av forslaga på bloggen fekk 2/3 fleirtal eller meir, måtte dei forkastast. Vi i komiteen vrei hovuda til kvarandre og ut kom Porsgrunn, vi er ganske smarte i grunn.

Vi får lov til å bu på Grenland folkehøgskule. Dei har innandørs sandvolleyballbane og fotballbane ute. Om du ikkje er så aktiv får vi også bruke daglegstua og det fine tunet. Sjølv om vi skal bu bra på Grenland fhs, har vi ikkje tenkt å vere der heile tida. Her er nokon av dei aktivitetane vi i komiteen har tenkt på: Kanalbåttur, Porgrunn Porselen, shopping, bading i sjøen, badeland, Mikaelshulen, gudstjeneste i Brekkeparken, Ibsenhuset og Langesund.
Om du veit om noko anna kult vi kan gjere i Porsgrunn eller i nærleiken, ikkje nøl, men sei ifrå til komiteen.
Prisen for overnatting og brødmat på Grenland folkehøgskule kjem på ca. 800 kr.

Grenland folkehøgskule må ha svar rimeleg kjapt så fristen for å melde seg på er fredagen før palmehelga, 7. april.
Meld deg på ved å svare på denne e-posten eller ta kontakt med nokon av dei andre i komiteen:
Sissel Rudningen: 41935246
Silje Ulsaker: 32060219/ 90829756
Stian Møllerplass: 99380193
Erling Brenn: 32059644/ 48191448

Wednesday, March 08, 2006

Vårturen

Komiteen skal ha møte den 16. mars. Målet for møtet er å finne ut hvor vi skal dra og gå inn 100 % for det turmålet. Vi i komiteen er fortsatt åpne for forslag til hvor vi skal dra. Jeg har laget en ny vårturundersøkelse, denne gangen uten æ, ø og å. Ta undersøkelsen!

Erling