Tuesday, December 06, 2005

Bilete

No har eg lagt ut eit bilete. Kva for eit bilete det skal vere er eg ikkje sikker på enno, nokon som har idear? Eit bilete av styret, ei Veslevaksnesamling eller eit bilete av ein pudderkøyrar? No er det Hydnekjeften.

Hermonundersøking

Eg har laga ei undersøking om interessa for Hermonturen. Sjekk ho ut, undersøkinga ligg på høgre side mellom "Peikarar" og "Gamal post".

Velkomen

Hallo folkens.
Det nye styret i Veslevaksne hadde styremøte i går og vi konstituerte oss, som det så fint heiter.
Leiar: Marianne Raastad
Nestleiarr: Øyvind Thorset
Sekretær: Silje Ulsaker
Kasserar: Steinar Orset
Pr-sjef og web-ansvarleg: Erling Brenn
Førstevara: Gro Holø

Styret er veldig godt fornøgd med konstitusjonen.
Eg blei altså web-ansvarlig og det er her på Veslevaksnebloggen at eg først og fremst kjem til å herje. Morosamt om de kjem med nokon innspel på kva de synast, eller om eg burde forandre på noko.

Erling